Aboud Jumbe | |||
Fødd | 14. juni 1920 Juba | ||
---|---|---|---|
Død | 14. august 2016 (96 år) | ||
Statsborgar av | Tanzania | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | President på Zanzibar 7. april 1972–30. januar 1984 | ||
Føregangar | Abeid Karume | ||
Etterfylgjar | Ali Hassan Mwinyi | ||
Verv | Visepresident i Tanzania 7. april 1972–30. januar 1984 | ||
Føregangar | Abeid Karume | ||
Etterfylgjar | Ali Hassan Mwinyi | ||
Alle verv |
Mwinyi Aboud Jumbe (14. juni 1920–14. august 2016) var ein tanzaniansk politikar frå Zanzibar som var president på Zanzibar og visepresident i Tanzania samstundes frå 1972 til 1984. Han tok over båe desse rollene etter at forgjengaren hans Abeid Karume vart myrda 7. april 1972.
Jumbe vart opphavleg vald inn i Revolusjonsrådet på Zanzibar for Afro-Shirazi Party (ASP). Mens han styrte vart dette partiet slege saman med det leiande partiet i Fastlands-Tanzania, Tanganyika African National Union (TANU), til det nye partiet Chama cha Mapinduzi (CCM), og Jumbe vart nestleiar i CCM etter samanslutninga.[1]
I 1979 innførte Jumbe den fyrste konstitusjonen for Zanzibar sidan revolusjonen i 1964. Konstitusjonen innførte ålmenn røysterett og fylgde maktfordelingsprinsippet, og gjorde at presidenten ikkje lenger vart vald av revolusjonsrådet, men direkte av folket.[1]